Verkstaden - Bruks- og kunstgjenstander

Tre er eit allsidig materiale å arbeide med.

Til alle tider har treet vore brukt til å lage bruksgjenstandar. Før i tida brukte ein treet til å lage seg både kopp, tallerken, kniv og gaffel. Ulike treprodukt er i denne samanheng også populære i dag. Men er nok ikkje like vanlege sånn til dagleg. Treet var og heilt nødvendig når ein skulle lage seg bollar og skåler av ulikt slag og til ulike formål. I dag blir trebollar og treskåler oftast nytta som pyntegjenstandar, men samstundes ser ein likevel at slike produkt ser ut til å bli populære også som bruksgjenstandar. Men tre er jo vakkert!

Samstundes kan ein i dag nytta treet til å laga dei finaste kunstgjenstandar.

I Dreiebuo vil du finne både bruksgjenstandar og produkt som meir egnar seg til pynt.

tretallerk
Bordet er dekka! Velbekomne.

snapsbeger
Snapsbeger. Svært populære!

Dreiebuo
Ein svært sjeldan vase som du ikkje finn maken til.

Dreiebuo
Denne kan berre lagast av tre. Naturleg bark på toppen.